Tilbake til alle arrangementer

Det Norske Teatret: Campingkompaniet

Camping-nabolagsturne-2.jpg

Campingkompaniet

Basert på eventyret Risen som ikkje hadde noko hjarte på seg av Asbjørnsen og Moe

 
 

Leiken og fargerik formidling av eventyr for heile familien!

Alt løyser seg til slutt for Oskeladden, som alltid er godhjarta og hjelper dei som treng hjelp.

Med enkle, verknadsfulle effektar, rekvisittar og humor som passar både liten og stor formidlar Campingkompaniet dette eventyret om Oskeladden – som kanskje ikkje er mellom dei mest kjente. Denne gongen må Oskeladden ut i verda for å redde brørne sine. Dei er blitt gjort til stein av den store risen i berget, han som manglar hjarte. Oskeladden møter mange hinder på vegen – men Oskeladdens gode hjarte blir redninga hans.

Folkeeventyr i ny drakt

Campingkompaniet er eit omreisande musikk- og teaterkompani som består av skodespelarane Lisa Birkenes Thun og Sofia Knudsen Estifanos - og ein veldig fargerik bil. Deira varemerke er å spele nye versjonar av norske folkeeventyr. Mottoet er å spele teater for folk der dei er – så kva passar vel da betre enn ein nabolagsturné? I haust kan publikum oppleve Campingkompaniets forteljarglede i nabolag rundt om i Groruddalen, og det vil passe for heile familien.


Framsyninga blir vist i samarbeid med Campingkompaniet


Forrige
Forrige
1. september

Det Norske Teatret: Linje 5

Neste
Neste
4. september

Det Norske Teatret: Campingkompaniet