Tilbake til alle arrangementer

Det Norske Teatret: Tatovering (Den kulturelle skolesekken)

Det Norske Teatret: Tatovering

Eit rått og energisk rop frå blokkene.

Tatovering er ei djupt personleg, ærleg og eksplosiv forteljing ei ung dame som har vakse opp i eit maskulint miljø, men med ein fråverande far. Gjennom tilbakeblikk møter ho seg sjølv som ungdom. Dei to – den unge vaksne og den unge jenta - er ueinige om kva som er sant, og korleis dei ønskjer at historia skal bli fortald. Og ikkje minst er dei ueinige om kva ein kan eller bør snakke om.   

Historia er lagt til ei blokk, i ein forstad. Ein stad der det finst over 20 ulike språk, der graffitien framleis er rykande fersk på veggane og musikken dunkar frå bilar som har oppheva fartsgrensene. 

Med energi, levande språk og masse humor, er dette ei framsyning laga med eit ungt publikum i tankane. Det er sorg, seksualitet, einsemd - og eit veksande sinne. Kampen for å forme eigen identitet som ung, gjer ein utsett og sårbar.

Forrige
Forrige
21. mars

Det Norske Teatret: Tatovering (Den kulturelle skolesekken)

Neste
Neste
23. mars

Filmklubb: Kikis budservice