Tilbake til alle arrangementer

Det Norske Teatret: Spire

Det er ingen løyndom at kvinnelege regissørar er mangelvare i teateret. Det er heller inga stor overrasking at kvinner med minoritetsbakgrunn faktisk omtrent ikkje eksisterer i norsk teaterhistorie. Dette vil Det Norske Teatret gjere noko med gjennom regiprosjektet Spire. Denne kvelden kan du oppleve resultatet gjennom to korte visingar.

Med Spire-prosjektet har Det Norske Teatret i Groruddalen samla unge med teaterinteresse til eit møte med gryande regissørar. Våren 2022 arbeidde tre regissør-spirer som interesserer seg for å lage teater, film og tekst med ei ung målgruppe i tankane med ulike prosjekt til Det Norske Teatret i Groruddalen. I haust jobbar to av dei vidare med nye utviklingsprosjekt.

Regi-spirene Martine Næss Johansen og Jae Nyamburah har jobba fram prosjekta sine under oppfølging av mentorane Kjersti Haugen og Iram Haq, som begge har brei regierfaring.
Alle verkstadvisingane er så sett saman til ei heilaftans uformell teateroppleving på Rommen Scene i Groruddalen.

Forrige
Forrige
4. oktober

Det Norske Teatret: Spire

Neste
Neste
6. oktober

Det Norske Teatret: Spire (Matiné)