Tilbake til alle arrangementer

Det Norske Teatret: 15ÅR


En forestilling av Kathrine Nedrejord

15 ÅR

Det Norske Teatret


Dato og tid: Onsdag 10. juni, 19:00 / Fredag 12. juni, 19:00 /
Lørdag 13. juni, 17:00
Hvor: Rommen Scene
Varighet: -
Passer for: Ungdom / Voksen

I 2026 er det 15 år sidan den største terrorhandlinga på norsk jord nokosinne. Kven var dei som drog til Utøya? Mange av dei var 15 år. Kva var dei opptekne av? Og kva er 15-åringar opptekne av i dag?
15 år er både kort og lang tid. For dagens 15-åringer er terroråtaket mot regjeringskvartalet og AUFs sommarleir i 2011 noko som skjedde ”i gamle dagar”, nesten som 2. verdskrigen. Men for dei av oss som hugsar dagen, er det som om det skjedde i går.


Kvifor drog dei til Utøya?
Dei siste månadane har dramatikar Kathrine Nedrejord snakka med overlevande og etterletne etter terroråtaket. Ho har spurt kva som motiverte dei til å dra til Utøya i utgangspunktet. Kvifor vart dei politisk aktive? Var alle eigentleg politisk aktive? Kva var dei opptekne av før terroren ramma?

Dei fortel historier om engasjement, glede, samhald, håp, fest, forelsking, bading og solnedgang. Tett følgt av historier om frykt, liing, sinne, smerte og sorg.


Kva kjenneteiknar ein 15-åring?
Nedrejord har snakka med fagpersonar som jobbar med demokratiforsking og formidling av kunnskap om åtaket. Ho har snakka med PST om radikalisering. Og ikke minst har ho snakka med mange som er rundt 15 år i dag, og stilt mange av dei same spørsmåla: kva er du opptatt av? Kva engasjerer deg? Kva for saker er dei viktigaste for deg?

Til saman har alle desse røystene blitt til ei brokete og samansett gjengiving av ein intens periode av norsk samtidshistorie.

Dramatikar Katrine Nedrejord har skrive teksten på bakgrunn av intervjua og den finske regissøren Tatu Hämäläinen skal sette teksten i scene.


Medvirkende:
Av: Kathrine Nedrejord
Regi: Tatu Hämäläinen
Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen
Skuespillere: Mohammed Aden Ali, Serhat Yildrim


    • Rommen Scene ligger i samme lokae som Rommen Skole i bydel Stovner i Oslo.

    • Adresse: Karen Platous vei 31., 0988 Oslo
      Link: Veibeskrivelse - google maps

    • Det er ca 10 minutters gange fra nærmeste Tbane- og bussstopp. Ta linje 4. eller 5. til Rommen og buss 380 eller 390 til Rommi langs riksvei 4.

    • Gratis parkeringsplasser tilknyttet bygget for brukere av området, ikke garantert plass til publikum/aktører ved scenen. Benytt gateparkering i nærheten mot timepriser.

    • Scenen ligger i 1.etasje med to store hovedinnganger inn i bygget.

    • To tilrettelagte plasser for rullestol inne i salen. For reservasjon eller behov for annen tilrettelegging ta kontakt med oss på post@rommenscene.no

    • HC-toalett i nær tilknytning til scenen.

    • Kiosk med salg av snacks og drikke før forestillinger etter avtale.
      Det er ikke tillatt å ta med mat og drikke inn i salen.

Forrige
Forrige
28. april

Dansenett Norge: BENCHED