Dansar Raid Al-Idani frå Juice Crew vil undervise i den eigenutvikla dansestilen han kallar “rask dynamikk”. Det blir hiphop, masse energi og ikkje minst; det blir gøy!
Raid Al-Idani har utanom Juice Crew jobba profesjonelt som koreograf og dansar i ti år. Han har gjort ei rad danseoppdrag, verkstader og opptredenar rundt omkring i heile landet. Han har også vore med på Norske talenter og Mitt dansecrew. Raid har også lang erfaring med dans for barn og ungdom.
Kurset er gratis. Passar for deg som er mellom 15 og 30 år. Kurset går over to dagar. NB!! Det er berre 9 plassar.