Det Norske Teatrets scene- teaterklubb for ungdom mellom 11-14 år med interesse for alle teaterets element.
Er du nysgjerrig på teater og scene, eller kjenner nokon som er det?
Anten ein er interessert i å stå på eller bak scenen, eller berre vil snuse litt på teater, er ein velkommen til å delta på Rebell!
Her vil du få vere med på kurs i mellom anna skodespel, dans, collage/tekstilkunst - og homor tilpassa sosiale medieflater.
Prosjektet går føre seg om ettermiddagane hausten 2023 på ulike ungdomsklubbar i Groruddalen og på Rommen Scene.
Det er gratis å delta.
Du treng ikkje å søke, berre kom som du er!
Du får:
- Utfalde deg både på, framom og bak scenen
- Rettleiing frå nokre av dei fremste innan sine kunstfelt
- Gratisbillettar til teaterframsyningar!
Du kan bli med i teaterklubben Rebell anten på Rommen Scene, Lindeberg Klubben eller The Raven Romsås.
Måndagar kl. 17.30 - 19.30
Skodespel og humor med Arman Surizehi:
18. september, 25. september
Collage-kunst med Fru Bugge:
2. oktober, 9, oktober, 16. oktober
Skodespel og dans med Fabian Svegaard Tapia:
23. oktober, 30. oktober, 6. november, 13. november
Sette saman ei vising/framsyning med Rahel Beraki og Belinda Braza:
20. november
Vising/framsyning:
27. november